Heim

Oddbjørn Bukve si heimeside

Oddbjørn Bukve er professor i organisasjon og leiing ved Institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han er også forskingsleiar for Høgskulen sitt strategiske forskingsprogram Samhandling, innovasjon og styring i offentleg sektor (SISOS).

 

Bukve er dr. philos. frå Universitetet i Bergen 2001 og mag.art. i offentleg administrasjon og organisasjonsvitskap same stad 1977.

 

Sentrale forskingsinteresser er:

- institusjonell teori

- fleirnivåstyring og politikknettverk

- lokal og regional styring og utvikling

- kvalitet og kvalitetsforbetring i offentleg sektor