Forskingsprogrammet SISOS

Oddbjørn Bukve si heimeside

SAMHANDLING, INNOVASJON OG STYRING I OFFENTLEG SEKTOR (SISOS)

 

Forskingsgruppa for samhandling, innovasjon og styring i offentleg sektor (SISOS) rettar seg mot eit forskingsfelt som er relevant for store utdanningsområde ved HiSF, spesielt innan velferd og helse. Fagleg representerer gruppa ei vidareføring av det tidlegare satsingsområdet organisasjon og leiing. Men den nye gruppa representerer også ei spissing av forskinga mot ein smalare tematikk og ei dreiing av forskingsinteressa mot nye utfordringar for offentleg sektor.

 

Empirisk skal forskinga i gruppa vere innretta mot reformer, fornyingsarbeid og nye styringsformer med relevans for dei store profesjonssektorane helse, velferd og utdanning. Det kan vere tale om å studere organisatoriske reformer som samhandlingsreforma og regionreforma, eller om å studere nye styringsformer som til dømes veksten i nye tilsynsorgan, kvalitetssystem, rapporteringsordningar, prestasjonsmålingar og evalueringar.

 

Analytisk vil vi legge vekta på to slags konsekvensar av dei nye organisasjonsformene. Vi vil på den eine sida studere første ordens konsekvensar i form av korleis endringane påverkar kvalitet, effektivitet og fokus i tenesteproduksjonen. Men vi vil også studere det vi kan kalle andre ordens konsekvensar, korleis endringane i styrings- og organisasjonsformer har konsekvensar for organisasjonane sjølve. I kva grad blir etablerte idear, diskursar og praksisar endra? Blir dei avløyste av nye dominerande diskursar og praksisar? Oppstår det interne konfliktar, motsetningar og tvitydnad? I kva grad blir reformene omforma og endra i møtet med dei organisasjonane som skal setje dei i verk? Spesielt vil vi vere opptekne av tilhøvet mellom hierarkiske styringslogikkar, lokalt handlingsrom og samhandling i endringsprosessane. Gjennom å studere korleis reformer og endringar påverkar organisasjonane sjølve, vil vi kunne avdekke den interne dynamikken i forvaltningssystemet og dermed kunne seie noko om sannsynlege utviklingstrekk. Teoretisk vil vi knyte opp mot ny-institusjonell translasjonsteori, teori om institusjonelle logikkar, strategisk-kontekstuell teori, diskursteori og teori om forbetrings- og utviklingsarbeid i organisasjonar.

 

Innanfor denne ramma vil vi i første omgang satse på å etablere empiriske prosjekt rundt to tema:

 

For det første er vi opptekne av utfordringane når forvaltningsorgan må samarbeide på tvers av organisasjonsgrenser for å realisere offentlege tiltak. Mange former for offentleg politikk krev slik samarbeid. Samhandlingsreforma kan vere eit aktuelt og sentralt døme. I slike tilfelle må aktørane takle utfordringar knytt til felles mål, gjensidig tillit, kulturskilnader, skilnader i kunnskap og informasjon og spørsmålet om kven som har ansvar for kva overfor kven. Dei potensielle samhandlingsfordelane kan ein først ta ut for fullt dersom ein handterer desse utfordringane. Dermed blir det viktig å forstå korleis utfordringane knytte til samhandling kan handterast.

 

For det andre ønskjer vi å studere samspelet mellom sentrale og lokale forvaltningsorgan i situasjonar der vertikale og hierarkiske styringsmekanismar er sentrale. Tilsyn og prestasjonsmålingar er typiske døme. Vi vil vere opptekne av kva ein kan måle gjennom slike ordningar, men enno meir i kva grad målingane har verknad på dei som blir målte. Tilsyn har dei seinare åra blitt utvikla som eit viktig forvaltningspolitisk verkemiddel. Trass dette er det forska lite på korleis tilsyn faktisk verkar. Når td Statens helsetilsyn gjennomfører tilsyn i lokale helseorganisasjonar, kva lokale utviklings- og forbetringstiltak er det som vert utløyste, og gjennom kva mekanismar? Når verkar kritikk negativt og passiviserande, og når utløyser den konstruktiv handling? Det er også eit spørsmål korleis ein kan måle effektar av tilsyn og liknande styringsordningar.

.